Velkomen til Ørskog kommune sin Portal for oppvekst

Ny søknad om plass i barnehage eller SFO
For å legge inn ny søknad om plass vel du Søk barnehageplass her eller Søk SFO-plass her i menyen over.

Er du folkeregistrert i Ørskog kommune er det viktig at du loggar deg inn via ID- porten før du søker om barnehage-/SFO-plass. Dette for å kontrollere at opplysningane som er registrert på deg og din familie er korrekte, samt for å kunne legge til korrekt kontaktinformasjon (telefonnummer og e-postadresse).

Dersom du per i dag ikkje er folkeregistrert i Ørskog kommune, må du søke utan å vere innlogga. Dersom du søker utan å vere innlogga, må du logge inn etter at søknaden er sendt for å lagre kontaktopplysningane dine
.

Endre plass / seie opp plass i SFO
For å endre plass eller seie opp ein plass, må du vere innlogga:

1. Logg inn med ID-porten etc.
2. Gå på fana Min side.
3. Vel Mine plasseringer
4. Under Type plass - trykk på Søkje om endra plasstype / Oppseiing av plassen.

Endre plass / seie opp plass i barnehage
For å endre plasstype må du sende inn ein ordinær søknad (sjå punktet øvst på sida).

For å seie opp ein plass, må du vere innlogga:

1. Logg inn med ID-porten etc.
2. Gå på fana Min side.
3. Vel Mine plasseringer
4. Under Type plass - trykk på Søkje om endra plasstype / Oppseiing av plassen.

Endre / fjerne søknad
For å endre eller fjerne ein søknad må du vere innlogga.

Innlogging
Innlogging skjer med ID-porten
Les meir om ID-porten her: Informasjon om ID-porten

I samband med at kommunane Sandøy, Ørskog, Skodje, Haram og Ålesund skal slåast saman til Nye Ålesund kommune frå 01.01.20, vil det kome endringar i vedtekter og prisar frå 01.01.20. For opptak i barnehage og SFO i 2019 vil Ørskog kommune sine vedtekter for barnehage og SFO gjelde. Det samme gjeld for prisar fastsett i Ørskog kommune sitt betalingsregulativ. Frå 01.01.20 vil den nye kommunen sitt betalingsregulativ gjelde. For opptak f.o.m. 01.01.20 vil den nye kommunen sine vedtekter gjelde.